Austevoll kommune

Austevoll kommune overtek pleie – og omsorgstenestene

Austevoll kommune tek over drifta av pleie – og omsorgstenestene  i kommunen frå 1. juni 2020.


Pleie – og omsorgstenestene har vore drifta av Stendi Senior AS (tidlegare Aleris Omsorg AS) sidan 1. juni 2013. Stendi Senior takkar for 7 fine år i Austevoll og Austevoll kommune takkar Stendi for godt samarbeid og gode tenester med høg kvalitet.

Austevoll kommune skal fortsette å gje innbyggjarane våre gode pleie- og omsorgstenester og er glade for at dei dyktige tilsette i Stendi no vert kommunalt tilsette.

Vi ønskjer dei velkomne til Austevoll kommune!