Austevoll kommune

Austevoll kulturskule sin adventskalender

I adventstida vil elevane i kulturskulen spreie litt juleglede ved å dele litt av det dei held på med i kulturskulen.

Kvar dag frå 1. - 20. desember vil det bli opna ei luke i kulturskulen sin adventskalender på Facebook.

Dette skjer på Austevoll kulturskule si Facebook-side, og i kvar "luke" er det litt smågodt frå kulturskulen i form av song, musikk, dans og bilete.

Vi er glad for at vi har fått til dette, då det i år ikkje blir adventskonsertar med kulturskuleelevane.