Austevoll vatn og avløp melder om bakteriar i drikkevatnet på Stolmen
Det er meldt om bakteriefunn i delar av leidningsnettet på Stolmen. Måndag 16. september har Austevoll vatn og avløp lagt ut oppdatert driftsmelding om dette:
Fredag blei høgdebassenga på Stolmen vaska og fylt opp med sterkt klorvatn. Sidan har bassenga stått fråkopla leidningsnettet, med klorvatnet for desinfisering. Klorvatnet frå bassenget vil i dag bli tappa ut på leidningsnettet for å desinfisere dette. Det vert tappa ut vatn i byggefeltet på Stangeland, molo Vågasjøen og Kvalvåg.
Alt vatn som skal drikkast må framleis kokast, fram til vi har to påfølgande reine analyser. I ein periode vil det vere ei sterk klorlukt/smak av vatnet, avhengig av kvar i leidningsnettet du bur, og kor mykje de tappar. Det er ikkje helsefarleg å drikke klorvatnet, men det vil ikkje vere godt på smak, og må uansett kokast.
VIgjennomfører også andre tiltak på leidningsnettet i dag.
Vi opprettheld framleis kokevarsel inntil me har to reine vassprøvar som beskrive i driftsmeldinga 13.09.24.
Meir informasjon ligg på heimesida til Austevoll vatn og avløp.
Driftsmelding (akava.no)