Austevoll kommune

Austevollingar med OL-gull

Som kjent blir det ingen olympiske leikar i Tokyo 2020. For hundre år sidan var det derimot olympiske leikar i Antwerpen med sterk deltaking frå Austevoll. Leikane blei arrangert i august-september 1920.

Austevollingane henta like godt med seg ein gullmedalje heim frå leikane. Dette skjedde i seiling, kor dei i klassen 12 meter type 1907 tok sigeren med båten «Atlanta». Mannskapet med gullmedalje var Halvor Birkeland, Rasmus Birkeland, Lauritz Christiansen, Halvor Møgster, Hans Næss, Henrik Østervold, Jan Østervold, Ole Olai Østervold og Kristian Østervold. For norsk seilsport og norske båtkonstruktørar var åra etter fyrste verdskrig ein gullalder. Norge vann 13 gullmedaljer i leikane, 7 av dei i seiling.

Austevoll kommune er kjent med at tidlegare ordførar Hallvard Møgster har laga ein grundig artikkel om denne hendinga som vil bli publisert i Austevoll mållag sitt haustmagasin «Rakved» - me oppfordrar alle til å følga med og lesa denne!

Ein stolt og flott prestasjon av austevollingane som deltok og noko å strekka seg etter for alle våre idrettsinteresserte ungdommar!