Avisteikning og ytringsfridom i Den kulturelle skulesekken

Avisteikning og ytringsfridom er eit nytt program i Den kulturelle skulesekken i Austevoll kommune. Det innovative prosjektet blei til etter eit samarbeid mellom Austevoll kommune og kunstnar og journalist May Linn Clement frå Austevoll. Ho er teiknar i avisa Dag og Tid, og sender kvar veke teikningar frå kjøkenbordet på Haukanes til redaksjonen i Oslo.

I oktober skal May Linn, for andre året på rad halda avisteiknarverkstad for alle elevane på 5. trinn. Hovudfokus i klasserommet er refleksjonar via felles diskusjon om avisteikningar – der eit av dei pedagogiske måla er det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap.