Austevoll kommune

Barnehagane opnar på måndag

Barnehagane opnar igjen måndag 20. april. Småtrinnet på skulane opnar veka etter, måndag 27. april.

Austevoll kommune følgjer dei nasjonale retningslinjene for når barnehagar og skular skal opnast igjen.

Barnehagane opnar måndag 20. april

I Austevoll opnar barnehagene dørene igjen måndag 20. april. Kolbeinsvik barnehage opnar torsdag 23. april.

Det er viktig at foreldre, barn og tilsette skal vere trygge på at gjenopninga av barnehagetilbodet skjer på ein forsvarleg måte. Smitteverntiltak vil gjelde, og ei viktig føring er at sjuke barn må haldast heime sjølv ved svært milde luftvegssymptom og teikn på sjukdom.

Her finn du informasjon og rettleiing frå Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet:

Før barnehagane vart stengde i Noreg vart det ikkje registrert noko kjent smittespreiing mellom barn i barnehagar. Samanlikna med vaksne er få barn identifisert som smitta i Noreg og verda elles.

Born og unge har så langt vist seg å ha svært låg risiko for alvorleg sjukdom med koronavirus. Dette er lågare enn for andre luftvegssjukdomar som born kan verte råka av, til dømes influensa og RS-virus.

Klikk for stort bileteFolkehelseinstituttet har slått fast at det trygt for barn å gå i barnehagen. Instituttet har også utarbeidd informasjon til foreldre på norsk og fleire andre språk:

For å avgrense smitte blir det sett i gang ei rekke tiltak i barnehagen. I barnehagen vil ein vere spesielt opptekne av å:

  • Vaske hender og følgje opp borna slik at dei lærer gode rutinar for handvask.
  • Ha godt reinhald i barnehagen.
  • Vaske leiker jamnleg.
  • Vere ekstra mykje ute med borna i tida framover.
  • Ha mindre grupper av born som er saman med faste tilsette.
  • At foreldre ikkje bør gå inn i barnehagen og at barnehagane helst skal ta imot barna ute.

Det kan bli gjort nokre justeringar i opningstidene til barnehagane ved oppstart for å sikre tilstrekkeleg bemanning og ei forsvarleg drift. Dei barnehagane som treng å gjere slike tilpassingar, vil opplyse foreldra om dette.

Austevoll kommune vil nytte høve til å takke barnehagane og deira dyktige tilsette for jobben som er gjort så langt.

Barnehagetilsette er også rekna for samfunnskritisk

Når barnehagane no opnar vil dei tilsette der bli ein del av dei yrkesgruppene som reknast for samfunnskritiske. Det betyr at dei kan bruke omsorgstilbodet i skulen for sine barn. 

Omsorgstilbodet for skulebarn held elles fram.

Når opnar skulane?

Opning av barneskular og ungdomsskulen skjer i to omgongar. 

Måndag 27. april opnar skulane og SFO, men berre for elevar i 1.-4. trinn. 5.-10. trinn vil fortsatt vere stengt og elevar får heimeundervisning. 

  • 1-4. trinn: Opnar måndag 27. april. Inkludert SFO for desse elevane.
  • 5.-10. trinn: Fortsatt stengt. Det er enno ikkje bestemt når skulane skal opnast for desse elevane.

Tilsette i 1.-4. trinn vil bli rekna som samfunnskritiske frå 13. april. Dette betyr at dei kan bruke omsorgstilbodet i skulen for sine barn.