Austevoll kommune

Ber om innspel på næringstiltak

Kva meiner du kommunen kan bidra med for å hjelpe bedriftene etter koronakrisa?

Austevoll kommune inviterer bedrifter og innbyggjar til å kome med innspel på tiltak som kan hjelpe bedriftene som slit på grunn av koronakrisa.

— Koronasituasjonen går knallhardt ut over næringslivet. Mange bedrifter har mista heile kundegrunnlaget sitt, nokon klarar å få det til å gå rundt på eit vis, mens somme i mindre grad er berørt. For nokon bedrifter kjem dessutan koronakrisa på toppen av ein allereie krevande situasjon, seier ordførar Morten Storebø.

Då formannskapet hadde videomøte på måndag blei det også etterlyst sak om kommunale tiltak for næringslivet frå Renate Møgster Klepsvik, gruppeleiar i Frp.

Visit Austevoll har allereie kome med forslag, og Austevoll Næringsråd er også godt i gang med det same arbeidet.

Rådmann Bjarte Madsen seier at kommunen jobbar med å få fram gode tiltak som kan hjelpe næringslivet som slit på grunn av koronakrisa.

— Me samlar blant anna oversikt over skattar og tenester som bedriftene betaler til kommunen. Dette vil det vere aktuelt å legga fram for formannskapet og kommunestyret, seier rådmannen.

Austevoll kommune tar imot innspel frå bedrifter og innbyggjarar på e-post på treffsikre tiltak som vil bedre situasjonen for bedrifter i Austevoll:

 postmottak@austevoll.kommune.no.

Her kan de lese om statlege tiltak for næringslivet.