Austevoll kommune

Beredskap og smitteverntiltak ved Austevoll pleie- og omsorgsenter - gult nivå


Klikk for stort bilete

Generelle reglar for besøkande

•Vere symptomfri
•Vaske/desinfisere hender
•Halde 1 meter avstand til bebuarar og personale
•Kan ikkje klemme eller handhelse/vere i nærkontakt
kan ikkje besøke dersom du er i karantene eller isolasjonssituasjon (ventar på Covid 19- testsvar, har påvist Covid 19, har vore i utlandet siste 10 dagar, har vore i nærkontakt med person med Covid 19 dei siste 10 dagar

Spesielle reglar ved besøk

•Kvar bebuar kan maks ha besøk to gongar i veka.
•Gjer avtale om besøk med avdelinga –dagen før du kjem på besøk
•Alle besøkande må fylle ut eigenerklæringsskjema for kvart besøk
•Det er berre tillate med to besøkande om gongen på tilvist område
•Vi oppfordrar til å bruke hagen som besøksområde – som tidlegare
•I tillegg etablerer vi Krambua som nytt besøksområde. For å kome til Krambua går du direkte via hovudinngang og vidare til Krambua. Gå ikkje omvegar og gjennom fellesareal
•Kan du eller bebuaren av helsemessige årsaker ikkje gå i hagen? Du kan gjere avtale når du bestiller besøket om å få komme inn på bebuarrom direkte, via vindu eller terassedør på rommet. Det er plass til max to personar på bebuarrom

Andre forhold                   

•Besøkande kan gi gåver og mat til den dei besøker 
•Hovudinngang og andre inngangsparti er låste. Ta kontakt med avdelinga på telefon
•Dersom bebuar treng hjelp til noko under besøket, er det viktig at du trykker på alarm for assistanse – besøkande kan ikkje assistere bebuar eller gå i fellesområda for å hente hjelp
•Besøkande kan ikkje trille rullestolar i hagane eller utanfor PO-området
•Det er ikkje mogleg å ta med seg bebuarar på biltur eller heim
•Du kan berre besøke den pasienten som du har avtale om å besøke

        

  

Tiltaka som ligg over, vil vi at du skal følgje. Dei er satt for å unngå smitte ved pleie- og omsorgsenteret. Smitte av Covid 19 ved pleie- og omsorgsenteret vil få konsekvensar for pasientgruppa. Dette arbeider vi for å unngå kvar dag, og er avhengig av at besøkjande tek omsyn til tiltaka. Besøkjande kan vere ei potensiell smittekilde og derfor er det nausynt å avgrense antal besøkjande og ha ekstra hygienetilak for kvart besøk. Dersom besøkande bryt besøksreglane, kan smittevernlege i henhald til smittevernlova nekte beøkande å koma. Tilsette har også strenge tiltak for å hindre smitte.

Det er smittevernlegen i samråd med smittevernteamet som tek avgjerlse og vurderer behovet for smitteverntiltaka, basert på nasjonale erfaringer og anbefalingar om smitte i pleie- og omsorgsinstitusjonar.

I særskilde tilfelle kan tilsynslege og smittevernlege gje dispensasjon frå reglane og tiltaka. Vurderer du det som naudsynt, send ein skriftleg søknad med grunngjeving til smittevernlege i Austevoll kommune.

Austevoll kommune, Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø. Merkes med: Dispensasjon PO

E-post: postmottak@austevoll.kommune.no