Austevoll kommune

Besøksvertar på PO-senteret gir bebuarane oftare besøk

Organisasjonar stillar til dugnad for å auka frekvensen på besøk.

Klikk for stort bileteJorunn Nordeide Skår, besøksvert og leiar for Austevoll Demensforening.  
Austevoll kommune fekk fredag, 2. oktober tilsegn på søknaden til Fylkesmannen om midlar til besøksvertordning på Austevoll pleie- og omsorgsenter.

Med denne ordninga kan vi auke talet på besøk og besøkande utan at det går ut over smittevernet i samband med Covid-19. Bebuarar kan no få besøk opp til fem dagar i veka, og dei kan få besøk av fleire av sine næraste.

Austevoll pleie- og omsorgssenter har eit samarbeid med Austevoll Røde Kors, Lions Club Austevoll og Austevoll Demensforening. Frivillige frå desse organisasjonane stiller som besøksvertar, og betaling for innsatsen går til organisasjonane.

Besøksvertane sørger for smittevernet, og dei avlastar avdelingspersonalet med organisering og praktisk arbeid i samband med besøk.

Allereie i førre veke starta ordninga, og det har vore ein suksess. Til saman 17 ekstra besøk vart gjennomførte, og nærare 50 ekstra besøkande har fått møte sine nære, noko som ikkje var mogleg i tida før besøksvertordninga.