Bjånesøyvegen - framdrift veke 46
Arbeidet med vegen langs laksepakkeriet nærmar seg slutten og dersom alt går etter planen er det klart for å legge første lag med asfalt denne veka.
Publisert 14.11.2023 10.05
Sist endra 14.11.2023 11.07
Bjånesøyvegen
Austevoll kommune
Natt til onsdag vil vegen vere stengt i periodar frå kl. 19.00 tysdag og fram til kl. 07.00 onsdag. Vegen er open for ferdsel kvar heile time.
Torsdag 16. november blir første lag med asfalt lagt. Arbeida startar omlag kl. 07.00 og vil halde fram til heile vegstrekninga er asfaltert.
For begge dagane må det påreknast noko venting og vi beklagar eventuelle ulemper det medfører for innbyggarane våre.