Bjarte Madsen takkar av som rådmann til nyttår

Bjarte Madsen har i dag sagt opp stillinga si som rådmann i Austevoll. Han fråtrer stillinga til nyttår.

Bjarte Madsen sluttar som rådmann i Austevoll til nyttår

– Eg har snart hatt denne stillinga i seks år, og tenkjer at det er på tide å gi stafettpinnen vidare til ein ny rådmann, eller kommunedirektør som dei fleste no titulerer stillinga, seier Bjarte Madsen.

– Kommunen er i god stand og leverer gode tenester. Med nytt mannskap i kommunestyret, tenkjer eg at det er eit riktig tidspunkt å gi seg. Takk til politikarar, tilsette og innbyggjarar for godt og tillitsfullt samarbeid gjennom alle desse åra.

Ordførar Morten Storebø tar oppseiinga til etterretning og seier at det nye kommunestyret vil starte rekrutteringsarbeidet for å få på plass ny kommunedirektør.

– Rekrutteringsprosessen er litt omstendeleg og vil ta tid, det erfarte me førre gong me skulle tilsetje rådmann. Derfor er det greitt at kommunestyret allereie i det konstituerande møtet formelt set i gong arbeidet. Eg har derfor varsla dei nye medlemane og varamedlemane til kommunestyret at me håpar å kunne kalle inn til møte tidleg i oktober, slik at ein kan kome i gong.

– Eg vil takke Bjarte så mykje for innsatsen som rådmann. Det har vore hektiske år, viktige saker til behandling og krevjande periodar og Bjarte har gjort ein kjempejobb. For meg som ordførar har han vore ein viktig støttespelar, god kollega og rådgjevar.