Austevoll kommune

Bli bøsseberar under TV-aksjonen 24. oktober

Årets TV-aksjon går til Plans arbeidet for å bekjempe barneekteskap og går av stabelen sundag 24. oktober. No kan du melde deg som bøsseberar.

- I fjor var det som kjent ingen som fekk besøk av bøsseberarar. I år er TV-aksjonen tilbake med innsamling på døra, og då treng me bøsseberarar, seier ordførar Morten Storebø.

Her kan du melde deg som bøsseberar.

Årets innsamling går til Plans arbeid for å kjempa mot barneekteskap, og har fått namnet «Barn, ikkje brud». Inntektene går til nokre av landa i verda der problemet med barneekteskap er størst, Bangladesh, Nepal, Mali, Malawi og Niger.

Her kan du lese meir om TV-aksjonen.