Austevoll kommune

Brukarundersøking i tenesta psykisk helse og rus i Austevoll kommune 2019

Austevoll kommune, ved avdeling for psykisk helse, rus- og kreftomsorg, sender i desse dagar ut brukarundersøking til alle som har brukt tenesta i 2019. 

Klikk for stort bilete 
Austevoll kommune ønskjer god kvalitet på sine tenester. Det er nyttig for kommunen å få vite korleis brukarene opplever tilbodet.

Kommunen vil bruka resultata til å utvikla tenesta.

Deltaking i undersøkinga er frivillig.  Vi håpar at flest mogleg tar seg tid til å svara, for på den måten å hjelpe oss med å skape eit betre tilbod innan psykisk helse og rus. Undersøkinga tar ca. 2 – 3 minutt.

Alle inviterte brukarar får brev i posten.  Alle svar blir behandla anonymt.

Dei inviterte kan svare på undersøkinga elektronisk frå og med 4. desember på internett ved å gå inn på http://svar.bedrekommune.no og bruka passordet dei har fått tilsendt.

Det er viktig å svara på undersøkinga innan frist som er gitt i brevet.

Takk for hjelpa!