Austevoll kommune

Budsjett og økonomiplan 2023-26 til høyring

Austevoll kommune sitt budsjett og økonomiplan for 2023 – 2026 blei behandla i formannskapet 29. november 2022 - det blei fremma to forslag. Høgre, Arbeidarpartiet og Kristeleg folkeparti sitt forslag til budsjett fekk fleirtal med 6 røyster. Fleirtalsforslaget tek utgangspunkt i rådmannen si tilråding, men med nokre justeringar.
Forslaget kan du lese ved å trykke på denne lenka.

I tillegg blei det fremma eit forslag frå Framstegspartiet som er det same som rådmannen si tilråding. Dette forslaget finn du ved å trykke her. 

Budsjettforslaga er med dette kunngjort i tråd med kommunelova § 14-3, 4. ledd. Forslaga skal ligge til høyring i minst 14 dagar før kommunestyret fattar endeleg vedtak. Dette vil skje i kommunestyret sitt møte 15. desember 2022.