Austevoll kommune

Dagsturhytte på Loddo

Kongsen og Loddo var dei mest aktuelle plassane for ei ny dagsturhytte. Etter ein god debatt gjekk kommunestyret for Loddo.

Dagsturhytte er ei viktig satsing for Vestland fylkeskommune. Opphavet til prosjektet kjem frå gamle Sogn og Fjordane fylke, der det allereie finst ei rekke slike hytter på flotte utkikkspunkt.

Austevoll søkte tidleg om å etablere ei dagsturhytte gjennom tilskotsordninga til Vestland fylkeskommune. I utgangspunktet skulle hytta kome på plass i 2021. Leveringstidspunktet blei seinare framskunda til november i år, noko som kravde at kommunestyret på torsdag måtte bestemme seg for kvar hytta skulle kome.

Til grunn for behandlinga til kommunestyret låg vurderingar om kva plassering som er den beste. Dei mest aktuelle plassane var:

  • Globen på Stolmen
  • Kongsen på Selbjørn
  • Vinnesvatnet på Huftarøy
  • Veten på Huftarøy
  • Kalvsundet på Blænes
  • Skiparvika i Kolbeinsvik
  • Loddo på Huftarøy
  • Inger Anne-løypa på Huftarøy
  • Storevarden på Hundvåkøy
  • Skansen på Storakalsøy

Onsdag 17. juni inviterte kommunen til informasjons- og drøftingsmøte med lokale lag og foreiningar og kommunale råd og utval. Det var særleg Kongsen og Loddo som peika seg ut som dei beste alternativa. Dagen etterpå behandla kommunestyret saka.

Kommunestyret bestemte at dagsturhytta skal etablerast på Loddo. Dette er ved den høgaste fjelltoppet (244 m.o.h.) og det meste populære turområdet i Austevoll. Det er mange løyper på Loddo, samstundes som hytta vil ligge lunt og skjerma, der ein kan finne ro og fred med flott utsikt. Det er også eit flott skogsholt rett attmed, som er eit godt leikeområde for barn.

Les meir om dagsturhytta på nettsida til Vestland fylkeskommune.

Her kan du lese saka til kommunestyret med vurderingar av dei ulike plasseringane.