Austevoll kommune

Dekking av inntektsbortfall

Lag og foreiningar kan søke om å få dekka tapte inntekter pga. koronasituasjonen.

Kommunestyret har sett av 200.000 kroner for å dekke inntekter som lag og foreiningar har tapt som følgje av stopp eller redusert aktivitet på grunn av koronaviruset. 

Midlane skal bidra til at lag og foreiningar kan dekke faste driftskostnader, til dømes lånekostnader, husleige og forsikring.

Søknadsfrist er tysdag 28. juli kl. 14.30

Send søknad til postmottak@austevoll.kommune.no.

Ta kontakt på tlf. 55 08 10 00 dersom du har spørsmål.