Austevoll kommune

Deler ut drygt to millionar kroner til næringsaktørar

Formannskapet har vedtatt utdeling av tilskot frå det kommunale næringsfondet. Fordelinga kan du sjå her.

Austevoll kommune mottok pengar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til det kommunale næringsfondet, som ein del av krisepakke 3 etter koronautbrotet.

Midlane har blitt utlyst på Regionalforvaltning.no og det kom inn 25 søknader frå bedrifter og bransjeorganisasjonar i Austevoll.

Formannskapet har i dag vedtatt korleis pengane skal fordelast. 

Til saman er det 2.055.000 kroner som er delt ut.

  • Austevoll næringsråd - 200 000 kr
  • Austevoll reiselivslag - 400 000 kr
  • Blått kompetansesenter AS - 500 000 kr
  • Natalie Elholm - 25 000 kr
  • Kjell Elholm AS - 25 000 kr
  • Kanabus AS - 25 000 kr
  • ED Maskin AS - 25 000 kr
  • Kakeriet AS - 25 000 kr
  • Dryss Mote AS - 25 000 kr
  • Moods of Design - 25 000 kr
  • Bekkjarvik Blomster - 50 000 kr
  • LK Mat Tjenester AS - 100 000 kr
  • TH Drønen AS - 50 000 kr
  • Bekkjarvik Gjestgiveri - 200 000 kr
  • Austevoll julemusikal - 50 000 kr
  • Fager Event AS - 50 000 kr
  • Melaren AS/Henrik Hevrøy - 100 000 kr
  • Enterprise AS - 40 000 kr
  • Notise AS - 20 000 kr
  • Digifact AS - 40 000 kr
  • Servicebåt AS - 40 000 kr
  • Sekkingstad kystfiske - 40 000 kr

Denne saka blei behandla som skriftleg saksbehandling i formannskapet. Det betyr at vedtaket blir fatta på e-post slik at utdeling av mildane kan skje så raskt som mogleg. Vedtaket var einstemmig.

Her kan du lese saksdokument og søknadene som har kome inn.