Den nye rektoren ved Selbjørn skule heiter Hege Haugland

Austevoll kommune har i dag tilsett Hege Haugland som ny rektor ved Selbjørn skule. Hege har vore tilsett ved skulen sidan 2009, først som lærar og sidan 2013 som inspektør. 

Hege utdanna seg som lærar ved Høgskolen i Telemark i 1998 og arbeidde fleire år i Stavanger kommune før ho flytta tilbake til øykommunen vår. Ho har seinare tatt fag som spesialpedagogikk, skuleleiing, skulemiljø og jus for leiarar. Hege er i dag konstituert rektor på skulen og har fast stilling som avdelingsleiar.

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og fritid Bjørn Kristian Bjånesøy meiner vi får ein erfaren skuleleiar med denne avgjersla og ser fram til vidare samarbeid med Hege.

«Eg gler meg til å fortsetja i rolla som rektor ved Selbjørn skule og ser fram til å samarbeida vidare med flinke medarbeidarar, elevar, foreldre og andre tilsette i kommunen», seier den nybakte rektoren. «For meg er det viktig å framheva at skulen skal vere ein god plass å vera for både elevar og tilsette og at eg vil arbeida for å vidareutvikla ein god læringskultur på Selbjørn skule».
 

Rektor Hege Haugland - Klikk for stort bileteHege Haugland Austevoll kommune