Austevoll kommune

Endeleg godkjenning av områdereguleringsplan Storebø (Sentrumsplan)

Kommunestyret vedtok 23.04.2020 Endeleg godkjenning av områdereguleringsplan Storebø.  Planen er nå lagt ut til klagevurdering.

Klagefrist er 3.juni

Klage sendes til postmottak@austevoll.kommune.no

Områdereguleringsplan Storebø (Sentrumsplan)

Sentrumsplanen er ein områdereguleringsplan på om lag 800 dekar. 

Grovt sett er sentrumsplanen delt inn i fire ulike område:

  • Bustadområde
  • Sentrumskjerne
  • Skule og park
  • Sjø- og hamneområde

Planen bind saman desse forskjellige arealområda, blant anna ved å etablere gang- og sykkelvegar som gjere det enkelt og trygt å kome seg mellom områda.

Folketalet har auka kraftig på Storebø dei siste åra, og det gjer at fleire ønskjer å busette seg på Storebø framover. Dei kan no velje å bu i einebustader, fleirmannsbustader og i blokker gjennom fortetting.  

Handel og næringsverksemd kan utvikle seg ved fylkesveg og i hamneområdet.

Ver venleg og merk innsendinga med ditt gards- og bruksnummer, arkivkode og e-post eller telefonnummer slik at vi kan ta kontakt dersom det er naudsynt.

Generell planinformasjon

Plannamn: Områdereguleringplan Storebø
PlanID: 4625 20150016
Forslagsstillar: Austevoll kommune
Ansvarleg søkar: Norconsult AS
Plankart datert 13.05.2020
Føresegner datert: 23.04.2020
Planskildring med konsekvensutgreiing datert: 01.02.2017
ROS-analyse datert: 01.02.2017

Saksdokument