Austevoll kommune

Endeleg godkjenning av vegnamn

Austevoll kommune vedtok den 13. desember 2018 endeleg godkjenning av Hestemarka som vegnamn.

Austevoll kommune vedtok den 13. desember 2018 i sak 144/18 endeleg godkjenning av følgjande vegnamn:

Hestamarka (hyttefelt på Møkster).

Namnet kan påklagast av dei som har rett etter Lov om stadnamn §10, klage.

Vedtak etter denne lova kan påklagast av dei som etter § 5 første ledd bokstav a til c har rett til å

ta opp saker om skrivemåten av stadnamn.


Klagefrist er sett til fredag 11. januar 2019.


Klaga kan sendast til postmottak@austevoll.kommune.no eller per post til Austevoll kommune, Birkelandsvegen 2, 5392 STOREBØ.

Den skal vera i skriftleg form og underteikna.

Bruk gjerne kommunen sitt klageskjema.


 

Fant du det du leita etter?