Austevoll kommune

Endring av smittesporing i normal kvardag

Frå og med måndag 27. september skal alle kommunar innføre nedjustert TISK. 

Lene Vik, Line Vik og Maria H. Mathisen feirar eit opent samfunn etter ei krevjande og hektisk tid med Covid-19.

 

Nedjustert TISK vil føre til endringar i karanteneplikt, smittesporing og testing. Kvar og ein får no meir ansvar. Døme på dette er:

Smittesporing: Den smitta må sjølv varsle sine nærkontaktar og oppfordra dei til testing/karantene. Kommunen vil gi skriftleg informasjon om kva dei skal sei til sine nærkontaktar når du er smitta. 

Testing: Det er lav terskel for test ved symptom. Kommuen vil ha auka bruk av sjølvtesting ved hurtigtestar. Hurtigtestar vil bli utdelt til dei det gjeld frå legekontoret. 

Isolasjon: Personar med luftvegssymptomer skal straks isolere seg. På kvardagar skal ein ta kontakt med legekontoret for PCR test (utført på teststasjonen). I helgane skal ein ikkje ta kontakt med legevakta, men vente til måndag og helde seg i isolasjon til då. 

Karantene: karanteneplikt vil berre omfatta uvaksinerte husstandsmedlemmar, og tilsvarande nære, og kan i dei fleste tilfelle bli erstatta av testregime (dagleg med sjølvtesting eller annankvar dag med PCR).

Legekontoret vil ikkje lenger tilby testing i samanheng med reise, jobb mv. Desse må ta kontakt med privat firma.