Austevoll kommune

Endringar i gardskartet 2020

Med grunnlag i nye flyfoto frå april 2019,  gjennomførte Nibio i april 2020 oppdatering av jordbruksareal, det vil sei fulldyrka, overflatedyrka areal og innmarksbeite i Austevoll.

Klikk for stort bileteEndra klassifisering av jordbruksareal 

Kommunen vil oppmode deg som eigar av landbrukseigedom (LNF-område) til å søke opp aktuell eigedom og sjå kva som ligg registrert som jordbruksareal og om det har skjedd endringar på din eigedom.

Har du merknader eller spørsmål så kan du ta kontakt med landbrukskontoret ved Aase Rygg H. Nøttveit på epost (asno@fitjar.kommune.no) eller telefon 53 45 85 48

Link til gardskart: https://gardskart.nibio.no/search

  • Søk opp kommune 4625 + aktuelt  gards og bruksnummer.
  • Velg bakgrunnskart. Sjå døme under.
  • Zoom inn til du ser detaljer på ditt jordbruk

Klikk for stort bilete