Austevoll kommune

Endringar i legetenesta på grunn av koronasmitte

Austevoll legesenter har innført nye tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset frå og med i dag og førebels fram til påske.

Styresmaktene har innført store restriksjonar for å bekjempe koronapandemien. Tiltaka er heimla i smittevernlova.

Nokre tiltak er innført for at alle skal halde god avstand til kvarandre, med karantene for personar som har vore på reise utanfor Norden, adgangskontroll i helseinstitusjonar og oppmoding om å unngå å reise.

Dette er ein nasjonal dugnad som også Austevoll kommune tar del i. Austevoll kommune og legesenteret er opptatt av å ta vare på dei svakaste pasientane våre og å ikkje utsette desse for risiko. Samstundes har vi enorm pågang for rådgjeving og vurderingar av koronasmitte.

Som samfunnet elles har vi også berørt av situasjonen ved at eige personell sit i karentene. Vi har eit ansvar for å planlegge for at vi ikkje i ein situasjon der heile personalet vert sjuke eller fråverande.

Legetenesta innfører derfor fleire endringar frå og med i dag, 13. mars og fram til påske.

Vi understrekar at alle som har behov for øyeblikkeleg hjelp vil få legehjelp.

Tiltaka er følgjande:

  • Dei fleste fastlegetimane blir avlyste. Vi tar kontakt med alle dette gjeld.
  • Vi oppmodar om å nytte e-konsultasjon i staden for. E-konsultasjon er ein elektronisk sikker kanal for dialog med fastlegen din.
  • Skulle du ha behov for blodprøvar eller anna, så vil dette bli avtalt via e-konsultasjon.
  • Her finn du e-konsultasjon.
  • Du kan også fornye reseptar via e-konsultasjon. Då slepp du eventuell telefonkø.

Skulle det oppstå trong for legehjelp så har vi god kapasitet for time på dagen. For besøkane har vi desse tiltaka:

  • Vi er veldig nøye med å skilje mellom pasientar som kan ha infeksjonar og andre pasientar. Det er eigen inngang og eige venterom for infeksjonspasientar, og eigne legar og sjukepleiarar som tar hand om infeksjonspasientar.
  • Det betyr at vi stiller ein del spørsmål på førehand om kva symptom du har, og du vil få beskjed om kva stad du skal møte opp. Det er viktig at du møter på rett stad.
  • Vi ønskjer minst mogleg venting inne på venterommet. Vi ber derfor om at du møter like før avtalt time og ventar i bilen din om du har høve til dette.
  • Alle skal vaske seg med handsprit før dei kjem inn, og før dei forlét helsehuset.
  • Må du hoste eller nyse så skal du gjere det i eit papir eller albogekroken og straks vaske og sprite hendene dine etterpå.
  • Av omsyn til smittefare har vi fjerna alle leiker og vekeblad frå venterommet.

Vi oppmodar flest mogleg å ta kontakt med oss på fastlegekontoret om du har generelle spørsmål eller lettare sjukdom som kan vente til neste dag. Dette avlastar legevaktsentralen.

Vi viser til informasjon frå styresmaktene når det gjeld sjukemelding i denne perioden. Det er berre pasientar som er sjuke som kan få sjukemelding.

For pasientar som må vere heime på grunn av karentene, stengde skular og barnehagaar gjeld andre ordningar. Ikkje kontakt legesenteret om dette.

Fastlege skriv berre legeattestar på forhold som gjeld helsa di og sjukdom. Erklæring for avbestilling av reiser av andre grunnar enn eigen akutt sjukdom, stadfesting av kva yrke du har og liknande, er ikkje ei oppgåve for fastlegen din.

Koronatelefon er open for alle som mistenker at dei er smitta, telefon 966 25 320 (måndag-fredag 09.00-15.30).