Austevoll kommune

Er du i gruppa som no får tilbod om dose 3 med koronavaksine? Bestill time snarast.

Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar får no tilbod om ein ekstra vaksinedose.  

Alle som har ein av følgande diagnosar og kan vise frem notat frå sjukehus kor diagnosen fremgår, kan bestilla seg time for dose 3:

• Organtransplanterte, benmargstransplantasjon siste 2 åra, eller ein pågåande Graft  Versus Host-sykdom som krev immunsuppresjon

• Alvorleg og moderat primær immunsvikt

• Aktiv dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5

• Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon

• Pasienter som brukar immundempande medisinar som står på denne lista: Oversikt over medikamentell behandling av immunmedierte lidelser der vi anbefaler 3.dose med vaksine mot covid-19 (legeforeningen.no)

Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling må venta på brev frå spesialisthelsetenesta då det må gjerast ein individuell vurdering av deg for å få best mogleg effekt av vaksinen samt unngå unødvendige biverknader.

Ring 484 80 730 kvardagar mellom kl 09-14 dersom du ikkje får til å bestilla time sjølv på helsenorge.no