Austevoll kommune

Er du i karantene eller isolasjon på valdagen 13. september?

Du kan likevel få røyste ved stortingsvalet. Det er lenke til informasjon om opningtider i artikkelen.

Oversyn over vallokale og opningstider

Karantene
Du treng ikkje å dokumentera at du er i karantene.

  • Er du i karantene valdagen, kan du få røyste i bil utanfor vallokalet. Ring kommunen på telefon 55 08 10 00 når du er utanfor vallokalet, så tar kommunen kontakt med vallokale.
     
  • Har du ikkje bil eller er hindra frå å møte opp utanfor eit vallokale, til dømes fordi offentleg transport er eineste fremkomstmiddel, kan du søke om å røyste heime. 

Om du har nyoppståtte symptom skal du heller ikkje røyste i ordinære vallokale, fordi det skal reknast som om du er i karantene.

Isolasjon
Du kan få røyste i eigen heim.
Er du pålagt isolasjon på grunn av covid-19 skal du opphalde deg i eigen heim eller på annan eigna opphaldsstad, isolert frå andre. Overtredelse av dette er straffbart. Om du er i isolasjon kan du difor ikkje røyste på ordinær måte i eit valglokale.

Korleis søker du om å få røyste heime?
Søknadsfrist for å røyste heime er kl. 10 på valdagen 13. september.

Ta kontakt på telefon 55 08 10 00

Vi gjer merksam på at sjuke og uføre som normalt kan søke om ordinær heimerøysting ikkje kan søke etter denne ordninga. Det er berre opna for velgjarar i isolasjon og enkelte i karantene.