Fjellsikringsarbeid på kommunal veg på Søre Drivenes mot Hengjo
På grunn av dette vil vegen vere heilt stengt frå og med måndag 24. juni-13. juli.
Publisert 27.06.2024 13.35
Sist endra 27.06.2024 13.37
Austevoll kommune, Austevoll kraftlag og geolog frå Wimo-fjellsikring har vore på synfaring. Det meste av vegetasjonen er no fjerna.
Dette er gjort for å få oversikt over høgspentkablar og for å planlegge vidare arbeid med nødvendig fjellreinsk og sikring.
Entreprenør starta opp med fjellsikring måndag 24. juni 24 med reinsking av stein, boring og montering av sikringsboltar.
I samband med dette vil vegen vere heilt stengd for alle typar passeringar.
Vegen/tilkomme vert stengd med gjerde i begge endar av arbeidsområdet. Austevoll kommune gjer og merksam på at det ikkje er tillate å legga til frå sjøvegen i dette området så lenge arbeidet går føre seg.