Austevoll kommune

Fleire kan få bustøtte til høge straumutgifter

Fleire minstepensjonistar, uføre og andre med lav inntekt kan få bustøtte i vinter, etter einigheit mellom regjeringa og SV om ein straumpakke. For å få utbetaling i januar, må du søkje innan 31. desember. 

Søk så snart som mogleg – frist 31. desember

Husbanken har utsatt søknadsfristen knytt til utbetalinga i januar til 31. desember, slik at flest mogleg skal rekke å søkje. For å få utbetaling i januar, er det svært viktig at du som ikkje allereie mottek bustøtte, søkjer innan 31. desember. Du som allereie mottek bustøtte, treng ikkje søkje på nytt.  

Du kan enkelt sjekke om du kan få bustøtte med bustøttekalkulatoren.

Her kan du søkje om bustøtte