Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Flott kveld i Løo for 25- og 40-årsjubilantar

Torsdag kveld var det tid for jubileumsfest for tilsette som har arbeidd 25 og 40 år i kommunen.

Jubileumsfest blir ikkje halde kvart år – førre gong var i 2017.  I år hadde kommunen heile 24 jubilantar. 4 av dei har vore tilsett i kommunen i 40 år – det er fantastisk.

Personalsjef Ida Heggholmen ønskte jubilantane velkommen og dei fekk servert nydeleg mat og drikke frå Bekkjarvik Gjestgiveri. To tidlegare elevar ved kulturskulen, Vilde Vassnes og Julia Hausberg, stod for underhaldninga med flott song og gitarspel.

Rådmann Bjarte Madsen heidra dei tilsette med tale og la vekt på kor avgjerande det er med flinke og stabile tilsette som sikrar gode tenester for innbyggjarane våre.

– Ein føresetnad for dette er kunnskap, tillit og truverd hos våre tilsette – dette er heilt avgjerande for å oppnå respekt, eit godt omdømme og dermed gode tenester, og dåke jubilantar er dei fremste målbærarane for dette!, sa rådmann Bjarte Madsen.

Ordførar Morten Storebø talte til jubilantane og understreka at Austevoll kommune har høg legitimitet blant austevollingar.

– Den aller, aller viktigaste grunnen til dette, er jobben de – og kollegaane dykkar – har gjort og gjer overfor det store mangfaldet av brukarar. Kommunen er til stades i alle delar av folk sine liv. Kommunen er nær innbyggjarane, er relevant og gjer jobben sin! De som sit her bekreftar dette til gangs, sa Morten Storebø.

25-årsjubilantene er:

Ingrid Møgster, Else Tøkje, Mai Iren Konradsen, Monica Høyland Drønen, Jo Andre Storebø, Monica Njåstad Østervold, Ruth Irene Økland Hevrøy, Ina Tøkje, Vibecke Storebø, Anne Charlotte Østervold, Vibeke Torsvik Drønen, Marit Skartveit, Camilla N. Torsvik, Anita J. Bjørkelund, Hege Iren Austevoll, Randi Jensen, Liv Margun Røstøen Bergum, Magne Løkkebø, Kjartan Røstøen, Ove Fagerbakke.

40-årsjubilantane er:
Karl Olav Kalvenes, Audun Alvsåker, June Drønen Møgster og Else Marie Alvsåker

Austevoll kommune gratulerer hjarteleg med jubileet!