Folkehelseprofil 2022

Kjelde: Folkehelseinstituttet

 

 

Livskvalitet er tema for årets folkehelseprofil

Kvart år publisere Folkehelseinstituttet folkehelseprofilane for kvar av landets kommunar. Profilane gir informasjon om helsetilstanden og påverknadsfaktorar, og er eit grunnlag for det lokale arbeidet med å betre folkehelsa. Årets tema er livskvalitet. 

Livskvaliteten er skeivt fordelt. Sjølv om dei fleste oppgjev å ha god  livskvalitet, opplev nokon gruppe at dei har dårleg livskvalitet. Dette gjeld særleg dei som oppleve økonomiske vanskar, som står utanfor arbeidslivet, som har dårleg helse, som er einslege eller som opplev å ha få å støtte seg til, seier seniorforsker Thomas Hansen i FHI. 

 

Kjelde: Folkehelseinstituttet (trykk på lenka under tekst for å sjå heile barometeret)

 

 

Austevoll ligg på landsgjennomsnitt på dei fleste punkta i folkehelsebarometeret. Det gjeld også den nye trenda ein ser i Noreg: 

Ungdommen er mindre nøgd, føle meir einsemd og er meir bekymra enn dei eldre. 

Positivt skil me oss ut på at andelen som bur i hushald med vedvarande låg inntekt, er lågare enn landsnivået. På ei anna side, er andelen 17-åringar som oppggjev at dei trenar sjeldnare enn ein gong i veka høgare enn landsnivået

Les heile folkehelseprofilen for Austevoll her (PDF, 2 MB)

Søk og last ned folkehelseprofilar