Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Folkemøte for kultur!

Havfest musikkfestival 2014, Storebø

Austevoll kommune inviterer til folkemøte for kulturfeltet tysdag den 7. februar.

Alle aktørar som er involvert eller engasjert i noko som har med kunst eller kultur å gjer er velkomen. Døme på disse er:

  • Amatørar
  • Profesjonelle
  • Frivilligheita - lag og organisasjonar
  • Styret i vel- og grendahus
  • Ungdomsklubbar

Dato: Tysdag den 7. februar

Klokkeslett: 18.00-20.00

Stad: Kantina på kommunehuset, Storebøportalen, Storebø.

Agenda

Målet med folkemøte for kultur er å synleggjera aktørane på kulturfeltet, og bruka anledninga til å danna eit felles råd – eit Austevoll kulturråd.

Kva er Austevoll kulturråd?

Austevoll kulturråd vil fungera som ein paraplyorganisasjon; ein arena som samlar aktørar, og andre råd og organisasjonar som arbeidar med kultur og kunst i kommunen.   

Austevoll kulturråd vil legge til rette for samarbeid mellom kommunen og eit samla kulturfelt.

Eit strukturert samarbeid mellom offentleg sektor og det frivillige- og profesjonelle kulturfeltet er eit godt utgangspunkt for å utvikla kulturfeltet. Noko som på lang sikt kan bidra til eit kulturløft i kommunen.

Austevoll kulturråd kan la seg inspirere av Austevoll idrettsråd sin etablerte modell for samarbeid med Austevoll kommune. Samarbeidsmodellen som idrettsrådet brukar legger til rette for blant anna:

  • At rådet får ein kontaktperson i kommunen, både i administrasjonen og i politikken.
  • Ein signert samarbeidsavtale mellom kommunen og rådet.
  • Faste møter om b.la. arbeid med søknadar om interne og eksterne støtteordningar.
  • Ramme for feltet sin bruk av kommunale bygg til sin verksemd.

folkemøte for kultur tysdag den 7. februar kan eit samla kulturfelt drøfta disse punkta:

  • Korleis oppretta Austevoll kulturråd?
  • Rekruttering til oppstartsstyre (interimsstyre)

Kvar aktør på kulturfeltet er ein del av noko større, noko som har stor betydning for å gjera kommunen til ein betre stad å bu i, nemleg eit blomstrande kulturliv. Vi håpar at du vil koma på møte og bidra til å markera kulturfeltet i Austevoll kommune.