Austevoll kommune

Foreldreundersøking frå barnehagen

Austevoll kommune har oppmoda barnehagar om å delta i undersøkinga som er open i perioden 1. november - 30. november. 

Kva er foreldreundersøkinga?


Har du fått SMS og/eller e-post med lenke til foreldreundersøkinga? Då har barnehagen meldt seg på foreldreundersøkinga.

Utdanningsdirektoratet inviterer årleg alle barnehagar i Noreg til å delta i ei foreldreundersøking. Kommunen har oppmoda barnehagane til å sende ut undersøkinga til alle foreldre til barnehagebarn i kommunen.

Foreldre til barn i dei barnehagane som deltek i undersøkinga i Austevoll kommune skal no ha mottatt lenke til undersøkinga på SMS og/eller e-post.

Foreldreundersøkinga har 30 spørsmål, blant anna om barnet sin trivsel og utvikling, samarbeid med barnehagen, informasjon, lokale og uteareal. Undersøkinga er anonym,

Kva skal svara brukast til?


Resultata frå undersøkinga skal først og fremst brukast for å gjera barnehagen betre.

Resultat vil kunne samanliknast med tidlegare år (dersom barnehagen har delteke tidlegare ) og med andre barnehagar både lokalt og nasjonalt. Undersøkinga er eit nyttig verktøy for å gi barnehagane kunnskap om kor tilfredse foreldra er med barnehagen.
Resultata er òg viktige i kommunen sitt arbeid med kvalitetsutvikling i barnehagen.

Utdanningsdirektoratet vil publisere delar av resultata frå foreldreundersøkinga på Barnehagefakta.

Har du spørsmål? Ta kontakt med barnehagen din eller sjå meir informasjon hos Utdanningsdirektoratet.