Austevoll kommune

Fortetting av naustområde i Leirvika i Bekkjarvik

Kommunestyret har vedtatt å sende endring av reguleringsplan for etablering av naust på molo i Leirvika ut på høyring. 

Uttalefrist er 14. mars 2019

Generell planinformasjon: 

Plannamn: Detaljregulering for gnr. 67 bnr. 1 m. fl. Leirvika, Bekkjarvik
PlanID: 1244 20170008
Ansvarleg søkjar: Ing. Øyvind Jørgensen AS og Arkitekt Melanie Bergeron AS 

Reguleringsplanen oppsummert: 

Planforslaget legg til rette for ei fortetting av regulert naustområde i Leirvika. Det er føreslått ei auke på 11 nye naust som skal kunne førast opp på eksisterande molo. Det er også lagt til rette for ny bopilparkering i bakkant av nausta, som i vinterhalvåret kan nyttast til båtopplagring. Ytterste del av småbåtanlegget er blitt satt til småbåthamn, og vil vere ei forlenging av Bekkjarvik gjestehamn. 
Eit sentralt moment i arbeidet med planen har vore det arkitektoniske uttrykket til det planlagde nye naustområdet. For å sikre ei variert utforming på nausta er det føreslått å tillate at dei kan ha ei høgde på opp til 6 meter. 

Høyring

Er du råka av planforslaget? Send ein merknad til postmottak@austevoll.kommune.no 
Ver venleg og merk innsendinga med ditt gards- og bruksnummer, arkivkode og e-post eller telefonnummer slik at vi kan ta kontakt dersom det er naudsynt. 

Uttalefrist er 14. mars 2019

Saksdokument: 

Fann du det du leita etter?