Austevoll kommune

Gebyr og avgifter i 2019

Kommunestyret har i dag vedtatt dei kommunale avgiftene og gebyra for 2019.

Medan sjølve kommunebudsjettet blir vedtatt i kommunestyrets desembermøte, blir storleiken på dei kommunale avgiftene, gebyra og brukarbetalingane bestemt i det føregåande møtet. Dette blei derfor bestemt av kommunestyret i dagens møte. I hovudsak aukar prisane med anten 2,5 eller 5,0 prosent, noko som var i tråd med rådmannens tilråding. Prisane gjeld frå 1. januar 2019.

Ikkje dyrare enn i andre kommunar

Då formannskapet behandla desse sakene i førre veke, bad det om at rådmannen henta inn tal frå andre kommunar for å ha noko å samanlikne Austevoll med.
 
Til kommunestyremøtet blei det derfor lagt fram tal som samanlikna plan- og byggesaksgebyra i Austevoll med kva det kosta i fire av nabokommunane våre: Stord, Fitjar, Sund og Bømlo. Samanlikninga viste at gebyra i Austevoll kommune for det meste er lågare eller på nivå med desse kommunane. Her les du tala. I møtet opplyste også rådmannen om at foreldrebetalinga i SFO i Austevoll er lågare enn i fleire av nabokommunane våre.

Kommunale avgifter og andre brukarbetalingar

I hovudsak er det prisjustering på 2,5 prosent som gjeld for dei kommunale avgiftene og brukarbetalingar i 2019. Prislistene les du her:

Under behandlinga av saka fremja Renate Møgster Klepsvik (Frp) forslag om å fryse gebyrsatsane for SFO og kulturskule, men dette blei ikkje vedtatt av kommunestyret.

Plan- og byggesaksgebyr

Plan- og byggesaksbehandling er eit såkalla sjølvkostområde. Det betyr at utgiftene som kommunen har til saksbehandling i utgangspunktet skal dekkast i sin heilskap av gebyrinntekter. Rådmann Bjarte Madsen gjorde greie for at dette ikkje er tilfelle i dag:
 
— I fjor fekk me inn 37.000 kroner i gebyr for kvar 100.000 kroner me hadde i utgifter. I år ligg det an til at me får inn 55.000 kroner for kvar 100.000 kroner kommunen har i utgifter, sa Bjarte Madsen.
 
I tillegg til formannskapets tilråding, vedtok kommunestyret at det er trong for å oppklare kva som er forskjellen mellom rettleiingsmøter og møter som er ein del av ei saksbehandling. Kommunen har plikt til å yte rettleiing og slike møter er gratis. Forhåndskonferansar er ein del av saksbehandlinga, og kostar pengar for tiltakshavaren. Kommunestyret vedtok også at rådmannen skal opplyse kva det vil koste å både redusere gebyra for forhåndskonferansar i byggesaker og å fjerne gebyra heilt.
 
Formannskapets tilråding les du her.

Kommunestyrets vedtok også følgjande tilleggspunkt:
 
«— Kommunestyret ber rådmannen presisere forskjellen mellom rettleiing overfor innbyggjarane, og forhåndskonferansar i bygge- og delingssaker. Rettleiing er og skal vere kostnadsfritt, medan det er gebyr for forhåndskonferansar. Rådmannens vurdering kan fremjast som referatsak til utval for plan- og byggesaker, formannskap og kommunestyret, eller som politisk sak dersom rådmannen meiner kommunestyret må gje tilslutnad til konklusjonen. Saka bør leggjast fram for det første kommunestyret i 2019.
 

— I samband med framlegg av kommunebudsjettet skal rådmannen leggje fram budsjettverknad ved å redusere gebyrsatsen for forhåndskonferansar i bygge- og delingssaker til 500 kroner og ved å fjerne gebyra heilt.
 

— Kommunestyret vedtek at det i punkt 1.7 skal leggjast til at kommunen skal opplyse tiltakshavar om at det er trong for sakkunnig hjelp før denne blir bestilt. Dette vil gje tiltakshavar nødvendig informasjon om saksprosessen og kostnadane ein må pårekne.
 

— Kommunestyret ber rådmannen fremje politisk sak om det er hensiktsmessig å differensiere bygge- og delingsgebyr for tiltak der det er godkjent reguleringsplan, og tiltak som ikkje er i tråd med reguleringsplan eller der det ikkje er reguleringsplan, men krav om dette etter kommuneplanen. Med hensiktsmessig meiner kommunestyret der det er praktisk og naturleg å skilje for tiltak som nemnt ovanfor, og der dette vil ha legitimitet blant og vere føreseieleg for innbyggjarane. Formålet er å sikre større samsvar mellom kommunens faktiske innsats og sakenes ulike kompleksitet.
 

— Rådmannen har fullmakt til å språkvaske gebyrregulativet.»
 

Tilleggsforslaget var fremja av ordførar Morten Storebø (H) og blei samrøystes vedtatt.
 
På vegner av Frp og Sp fremja gruppeleiar Renate Møgster Klepsvik (Frp) følgjande framlegg:
 
«Møte mellom innbyggjar og kommunen er eit naudsynt og nyttig hjelpemiddel i saksutgreiinga, og skal ikkje kosta pengar for innbyggjaren. Austevoll kommune vedtek å ta vekk gebyr for møte mellom kommune og innbyggjarar.»
 
Framlegget fekk røystene til Frp og Sp og blei ikkje vedtatt.

Her les du gebyrregulativet for i år, før endringane som kommunestyret har vedtatt for 2019.

Fant du det du leita etter?