Geir Johannessen sluttar som kommunalsjef

Geir Johannessen sluttar som kommunalsjef for samfunnsutvikling.

Rådmann Bjarte Madsen har motteke oppseiing frå kommunalsjef Geir Johannessen.

– Me mister ein flink og dedikert kommunalsjef som har tatt viktige grep for å løyse og synleggjere alle oppgåvene kommunalsjefen står i. Leiinga i kommunen og dei tilsette blei orientert tidlegare i dag, seier rådmann Bjarte Madsen.

Geir Johannessen skal stå i stillinga fram til månadsskiftet november/desember. Han er takknemleg for den tilliten han har hatt i stillinga sidan han starta i fjor sommar.

– Jobben har vore utfordrande, men det har vore eit privilegium å arbeide saman med alle mine kollegaer og tilsette i kommunen. Eg har tatt ei vanskeleg vurdering der konklusjonen blei at eg vil prioritere litt annleis i åra som kjem. Eg takkar alle for eit godt samarbeid og gode relasjonar som eg vil ta med meg vidare. 

Rådmannen opplyser at kommunen straks vil sette i gong arbeid med å finne ein erstattar som skal følgje opp prioriteringar, og vidareføre det gode arbeidet til kommunalsjef Geir Johannessen.

F.v.: Økonomisjef Thomas Martin Larsen, kommunalsjef Bjørn Kristian Bjånesøy og kommunalsjef Geir Johannessen