Austevoll kommune

Generelt bålforbod

HUGS DET GENERELLE BÅLFORBODET

Frå 15. april til 15. september er det generelt bålforbod i Noreg.

I denne perioden er det ikkje tillete å tenna opp bål, grillar og eingongsgrillar i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

Bålforbodet gjeld også bråtebrenning, flatebrenning og bålbrenning i naturen.

Det fine og tørre veret den siste tida, har gjort skogbrannfaren stor. Svært tørt gammalt gras, visne plantar, lauv og lyng aukar brannfaren og enkelte område er no så tørre at det er uforsvarleg å tenna bål eller bruka grill/eingongsgrill.

Alle innbyggjarar må visa respekt og opptre på ein slik måte at det ikkje oppstår brann. Ver varsam og vurder nøye før du gjer opp ild i naturen. Er du i tvil om det er trygt nok å gjera opp ild der du er, er det betre å stå over. Eit bål skal ikkje forlatast før det er heilt sløkt.

Dette kan du ikkje gjera:

Grilla eller laga bål i nærleiken av skog og mark – gjeld også eingongsgrillar

Dette kan du gjera:

Tenna opp kaffibål og grill der det er klart at det ikkje medfører brann td der det ligg snø på bakken eller det har regna i lang tid

Tenna opp kaffibål og grill på godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassar

Tenna opp kaffibål og grill i eigen hage

 Tenna opp kaffibål og grill i sjøkanten i god avstand til skog og vegetasjon

 

Det generelle bålforbodet gjeld alle, heile tida og over alt.

Grilling og kaffibål må ikkje meldast inn til brannvesenet.

Fann du det du leita etter?