Austevoll kommune

Glas- og metallretur i Austevoll frå januar 2020 (SIM)

Frå januar 2020 vert det innført ny henteordning for glas- og metallemballasje der du bur.

I den samanheng vil alle abonnentar til SIM få utlevert ny dunk. Den blir levert på staden du vanlegvis set ut bossdunkane dine for tømming, og vil vera merkt med adressa og gards- og bruksnummeret ditt. SIM startar utsetjing av dunkar 1. september og arbeidet vil halde fram ut året.

Det er viktig at du tek med deg den nye dunken heim, slik at han ikkje kjem på avvege, og du er klar for den nye ordninga.

Meir informasjon om ordninga kjem i tømmekalenderen 2020, SIM-nytt (til hausten) og i SIM-appen.

Eventuelle spørsmål må rettast SIM per e-post eller telefon som du finn på heimesida:

SIM Heimeside