Austevoll kommune

Gratis seniortur! Teaterstykket «Heimatt» i Bergen, måndag 20. mars

Austevoll kommune har gleda av å arrangere ein felles teatertur for seniorar (alder 70+) til Bergen, måndag den 20. mars. Førestillinga «Heimatt» blir spelt på Det Vestnorske Teateret i Bergen sentrum. Teaterstykket er høgdepunkta frå vestlandskrønika "Heim" som i fire kapittel tok føre seg kvart sitt tiår og vart ein favoritt hos mange.

Du finn informasjon om stykket her.

Teaterbillett og buss tur/retur frå Hufthamar til Bergen sentrum er gratis. Deltakarane må sjølv ordna med skyss til og frå Hufthamar.  

Før førestillinga, blir det eit felles måltid på Wesselstuen for dei som ønsker det. Dette er frivillig, og ein må betala for måltidet sjølv på restauranten.

Du må gi beskjed ved påmelding om du vil delta på restaurantbesøket, og om du ønsker fisk eller and:

Fisk: Breiflabb med risotto og erter og fiskesky

Eller

And: Andelår med Hasselbakt poteter og appelsinsaus

Dessert: Eplekake

Hovudrett og dessert inkludert kaffi/te er 550,- per person.

 

Slik er planen for turen: 

kl. 14.45 - Frammøte på Hufthamar. Vi går saman inn på ferja. 

kl. 14.55 - Ferje frå Hufthamar

kl. 15.30 - Leigd felles buss frå Krokeide til Ole Bulls Plass (Bergen)

kl. 16.00 - Restaurantbesøk hos Wesselstuen (frivillig del med eigenbetaling, sjå informasjon her over)

kl. 17.45 - Oppmøte ved Det Vestnorske Teateret. Vi går inn saman. 

kl. 18.00 - Førestillinga Heimatt startar (varar i 2 timar og 30 minutt, inkludert pause)

kl. 21.00 - Leigd felles buss går frå Ole Bulls Plass til Krokeide

kl. 21.40 - Ferje frå Krokeide

kl. 22.15 - Avstiging på Hufthamar. Det er ikkje felles transport vidare frå Hufthamar.

Deltakinga krev påmelding.

NB! Grunna lang ventelista i fjor, ber vi om at dei som deltok på turen i fjor venta med å melda seg på til tysdag den 28. februar kl. 10.00.

Det er avgrensa tal på plassar. Difor ber vi om at påmeldte gir beskjed snarast dersom dei blir hindra frå å delta, slik at andre eventuelt kan få plassen. 

PÅMELDING: Ta kontakt på telefon 92 08 79 66 kvardagar mellom kl. 10.00 og 16.00.

Vi gler oss til kultur-tur!

Arrangementet er ein del av ordninga Den kulturelle spaserstokken.