Gult farevarsel for skogbrann - kva betyr det?

Illustrasjon: Bilete av eit kaffibål - Klikk for stort bileteIllustrasjon: Bilete av eit kaffibål Austevoll kommune


Du har kanskje sett at det er gult farevarsel for skogbrann i området vårt? Vi i brannvesenet følger like mykje med på farevarselet som gjeld spesifikt for gras- og lyngbrannar. Det lyser no raudt og betyr stor fare!
 

Vi har mye gras og lyng på Vestlandet, og denne typen vegetasjon tørker svært fort ut. Så tørt som det er no, skal det veldig lite til før det tar fyr.

Sjølv om det innimellom er overskya, er det berre store mengder regn som kan redusere brannfaren i terrenget. Hjelp oss å forhindre brann – ver forsiktig med all bruk av eld ute i naturen!

https://skogbrannfare.met.no/ffmc.html