Austevoll kommune

Har du rett til redusert foreldrebetaling i barnehage eller SFO?

Då må du søkje no for å få vedtak før nytt barnehage- og skuleår.

På nettsida til kommunen kan du få informasjon om og søke om redusert foreldrebetaling, både i SFO og barnehage.

Informasjon og søknadsskjema - redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid i barnehage.

Informasjon og søknadsskjema - redusert foreldrebetaling i SFO

Du kan søke heile året, men for å få reduksjon innan nytt barnehageår/skuleår startar, bør du søkje seinast 1. juli.

For søknader motteke før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut barnehageåret/skuleåret.

Om du søkjer etter 1. august gjeld vedtaket frå første heile månad etter  søknadstidspunktet og ut barnehageåret/skuleåret.

Ordningane er søknadsbaserte og det må søkjast for kvart barnehageår/skuleår.