Austevoll kommune

Har du sjølv eller har du kjennskap til nokon som har bustad til leige?

Kommunestyret har vedteke at Austevoll kommune skal busette inntil 15 flyktningar i 2020. Austevoll kommune har no motteke førespurnad frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) om busetting av ein familie på fire vaksne og eitt barn, og vi kan ikkje svare ja til busetting før kommunen har ein eigna bustad til familien. Vi leitar etter bustad med sentral plassering i Bekkjarvik- og Storebøområdet.   

Har du sjølv bustad eller har du kjennskap til nokon som har bustad til leige, som er tilgjengeleg snarleg?

Kontaktinformasjon:
Flyktningkoordinator Isabell Tøkje e-post Isabell.Karin.Tokje@nav.no eller telefon 40807936

Leiar NAV Austevoll, Lillian Mjelde Østervold e-post lillian.ostervold@austevoll.kommune.no eller telefon 92832066.

Lillian Mjelde Østervold

Leiar NAV Austevoll

Tlf. 5555 3333 //
www.nav.no