Hektisk smittesporing i helga
Etter at eit smittetilfelle blei kjent på Storebø skule i helga, er mange personar i Austevoll blitt testa for Covid-19.
Publisert14.03.2021 18.14
Sist endra14.03.2021 18.27
Ein gjekk breitt ut med ei miljøundersøking på skulen og i nærmiljøet. Så langt er 80 hurtigtestar negative og 36 pcr testar (vanlege testar) ventar på svar i løpet av morgondagen. 46 personar er sett i karantene.
Det er framleis ikkje avklart kva variant av covid-viruset som er påvist.
- Tilsette i skulen og i helsesektoren har gjort ein formidabel jobb gjennom helga, seier rådmann Bjarte Madsen, - dei har stått på og jobba hardt for å prøva å avgrensa smittespreiing.