Austevoll kommune

Helsestasjon og skulehelsetenesta i vanleg drift igjen

Helsetasjon og skulehelsetenesta er tilbake i normal aktivitet frå måndag 20. april. Helsestasjon for ungdom opnar torsdag 23. april.

Austevoll helsestasjon og skulehelsetenesta er glade for å tilby normal aktivitet i tenestene våre, men me må fortsatt sikre nødvendige smitteverntiltak.

Helsestasjonen:

  • Barn, foreldre eller ungdom som er karantene, har symptom på sjukdom eller er sjuke skal framleis ikkje kome på helsestasjonen eller til skulehelsetenesta. I desse tilfelle kan konsultasjon gjennomførast via telefon eller videokonsultasjon.
  • Barn som kjem på helsestasjonen bør berre ha ein vaksen som fylgje, og sysken bør ikkje vere med på konsultasjonar.
  • For å unngå for mange personar på venterommet samstundes, bør foreldre vente i bilen til helsesjukepleiar sender sms om at det er klart for konsultasjon.
  • Gruppekonsultasjonar vert erstatta med individuelle konsultasjonar.
  • Heimebesøk vert erstatta med konsultasjon på helsestasjonen.

Skulehelsetenesta:

  • Tilbodet i skulehelsetenesta for 1.- 4. trinn går tilbake til normal drift. Helsesjukepleiar vil vere på skulen på sine faste dagar.
  • Elevar på 5.-7. trinn har også tilbod om å møte helsesjukepleiar på skulen på desse dagane, sjølv om desse trinna ikkje er tilbake på skulen.

Frå og med torsdag 27. april er det vanleg drift av helsestasjonen for ungdom (HFU).