Austevoll kommune

Hjelp oss med å synleggjera dei flotte turstiane i Austevoll!

 Går du ein tur no, blir det fleire i dine spor seinare. 

Austevoll kommune har kartlagt dei prioriterte ferdselsåra i kommunen og treng no hjelp frå frivillige, aktive, lokalkjente turgåarar til å gå løypa med GPS. 

Kvifor gjer vi dette? 

Sti og ferdselssårer er avgjerande for moglegheita til å utføra friluftsliv. I Handlingsplan for friluftsliv (Regjeringa vedtok denne i 2018) blir alle kommunane oppmoda til å kartlegga dei lokale ferdselsårene.

Målet med dette arbeidet er å kartlegga kva tilstand og behov for utbetring våre turløyper har, samt kartfeste dei. Med ny tilrettelegging og synleggjering vil fleire få moglegheit til å ta del i friluftslivet. Austevoll kommune ynsker ein felles standard for merking og skilting av stiar. Vi er godt i gang, men treng no hjelp med den siste biten.

Korleis blir du med? 

Kva skal du gjere?

  • Du får ei løype/ sti av kommunen du skal gå.
  • Last ned appen "Mytracks" eller bruk ei anna GPS løysing som kan lagra og eksportere informasjon.
  • Følg turskjema på turløypa du skal gå. Start stopp måling i følgje den. 
  • Gå i passeleg tempo utan stopp og hald deg på stien. 
  • Ser du behov for tiltak, skilt eller anna, merk det i appen eller registrer GPS koordinatar på desse punkta. 
  • Eksporter informasjonen og send den til folkehelsekoordinator på e-post ingrid.henriques@austevoll.kommune.no.
    Husk å merke e-post med id-nummer på løypa du har gått. 

 

Takk for at du vil hjelpa oss med å gå tur!