Austevoll kommune

Høgsterett på besøk i Austevoll

Statsforvaltaren og Høgsterett kom i dag på besøk til Austevoll kommune – stor stas og fin stemning under besøket kor dei fekk omvisning om bord i Manon og Hardhaus, deretter var det vandretur i parken og lunsj på Gjestgiveriet i Bekkjarvik. Etterpå drog følget vidare til Havforskingsstasjonen før dei returnerer frå Hufthammar i ettermiddag.  

Turen starta frå Bergen med hurtigbåt. Alle dommarane i Høgsterett og statsforvaltaren var med på turen. Undervegs til Austevoll fekk dei ein god orientering om kommunen vår frå ordførar Morten Storebø. Etter ankomst Bekkjarvik, var det omvisning om bord i Manon og Hardhaus. Her fekk Høgsterett informasjon om fiskeria båtane deltek i, og litt historie omkring båtane og utviklinga flåten i Austevoll har vore gjennom. Inge Halstensen og Ole Inge Møgster gjorde ein flott innsats og svarte på spørsmål frå lyttande og ivrige høgsterettsdommarar som gav til kjenne at dette var interessant informasjon om korleis havfiskeflåten vår opererer. I det heile ein flott runde som viste engasjement og den gode kunnskap me har rundt fiskeriverksemda i kommunen vår.

Ordførar Morten Storebø og Høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie Ole Inge Møgster orienterer Høgsterett