Høgt microcystin-nivå i Kvernavatnet ved Inger Anne løypa

Kart over Kvernavatnet

Det er forbod mot å bade i Kvernavatnet. Hunder må heller ikkje bade i eller drikke vatnet.  

Bilde av Kvernavatnet Katrine Åmdal Sundt

Universitetet i Bergen har, etter vatnprøvar teke frå Kvernavatnet, informert Austevoll kommune om at microcystin-nivået er over grenseverdiane for badevatn. 

Cyanotoksiner er giftstoff produsert av cyanobakterier i ferskvatn og brakkvatn. Mikrocystiner er det vanligste giftstoffet blant cyanotoksinane, og kan forårsake forgiftning av dyr og menneske. Microcystiner kan skade lever og nyre. Typiske symptom på akutt forgiftning er oppkast og blodig diaré.

Delar av Inger Anne Løypa går ved Kvernavatnet, Austevoll kommune ber difor alle som er på tur med hund om å vere ekstra varsam. Hunder kan få det i seg ved å drikke vatnet direkte eller ved å bade i vatnet. 

Kart over Inger Anne løypa