Austevoll kommune

Hotellsamling med økonomi- og klimafokus

Denne sommaren har vestlandsbonden verkeleg fått kjenne korleis vêr og klima spelar inn på produksjonen på gardane. Vått vêr gjer det tilnærma umogleg å slå på rett tidspunkt, og bakkane lir under traktordekka. Denne sesongen er det lite å gjere noko med, men er du og drifta di rusta for framtida?

KlimaVest med samarbeidspartar inviterer til to hotellsamlingar i september. Den eine samlinga er på Scandic Sunnfjord i Førde 23.-24., og den andre på Stord Hotell 25.-26. september

Landbruksråd Vest, saman med Berekraftsfondet og Vestland Bondelag inviterer til

Hotellsamling med økonomi- og klimafokus Førde

23.-24. september på Scandic Sunnfjord hotell & spa, Førde

Vi inviterer deg og partnaren din til hotellsamling med økonomi- og klimafokus. På flotte Scandic Sunnfjord skal vi både kose oss og lade batteria, samstundes som vi går gjennom klimakalkulatoren og lagar ein klimahandlingsplan som gjer deg konkrete råd om kva som kan gjerast på din gard.

Hotellet har basseng og treningsrom. I tillegg er det eigen spa-avdeling der ein kan tinge forskjellige behandlingar og nyte eit eiget relax-område.

Hotellsamling med økonomi- og klimafokus Stord

24.-25. september på Stord Hotell

Vi inviterer deg og partnaren din til hotellsamling med økonomi- og klimafokus. På flotte Stord Hotell skal vi både kose oss og lade batteria, samstundes som vi går gjennom klimakalkulatoren og lagar ein klimahandlingsplan som gjer deg konkrete råd om kva som kan gjerast på din gard.

Hotellet har eigen spa-avdeling med basseng, massasjedusjar, vannkanon, swimjet, varmesteinar og badstu der ein kan kopla av og hente ny energi.

Samlinga vert avslutta med eit besøk på biogassanlegget Renovo på Stord, som tek i mot husdyrgjødsel frå bønder i området.

Du kan lese meir om det her.