Austevoll kommune

Høyring - Framlegg til ny forskrift om minsteareal for hjort, Austevoll kommune

Austevoll kommunestyre gjorde 23.04.2020 vedtak om å setta i gang ein prosess for å vurdere å endra minstearealet for jakt på hjort i Austevoll kommune frå 1000 da til 300 da


Vedtak i kommunestyre, sak 047/20:

“Austevoll kommunestyre vedtek å leggje forslag om lokal forskrift om minsteareal for hjort i Austevoll kommune, ut på offentleg høyring.

Framlegg til: Forskrift om jakt på hjort, Austevoll kommune, Vestland

Heimel: Fastsett av Austevoll kommunestyre 29. juni 2010 med heimel i lov 29. mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt (viltlova) § 38. Endra med forskrifter 15 des 2014 nr. 1948, 17 mars 2016 nr. 271.

§ 1. Det er opna for jakt på hjort i Austevoll kommune i Vestland.

§ 2. Minstearealet for godkjenning av vald og fellingsløyve på hjort er sett til 300 dekar for heile kommunen.

§ 3. Denne forskrifta trer i kraft straks og opphevar samstundes forskrift FOR-2010-06-29-1911.”

Frist for å sende innspel til framlegg til Forskrift om jakt på hjort i Austevoll kommune, Vestland er sett til måndag 31.08.2020.


Høyringsdokumenta er tilgjengelege på nettsida til kommunen og du vil kunne sende inn høyringsvar digitalt her

Alternativt kan du sende innspel/kommentarar til:
Austevoll kommune, Birkelandsvegen 23, 5392 Storebø
eller per e-post til postmottak@austevoll.kommune.no