Tenesteutvalet vedtok i møte den 19. april 2022 å senda revidert Kommunedelplan for kulturminne i Austevoll kommune – kulturminneplanen 2016 -2028 ut på høyring. Me ønskjer at privatpersonar, lag og foreiningar, og andre instansar vil kome med innspel og kommentarar til planen.
Austevoll kommune fekk sin første kulturminneplan/kommunedelplan for kulturminne i 2016. Dette var nybrottsarbeid. I arbeidet med den reviderte planen har ein forsøkt å jobba med dei ulike erfaringane ein gjorde i første planperioden. Målet med planen er å leggja til rette for god praksis i lokal bevaring og forvaltning av kulturminne og kulturmiljø og at kulturminna skal vera ei kjelde til kunnskap, oppleving og identitet.
Den reviderte kulturminneplanen har tre delar og vedlegg. I del 1 finn ein dei generelle rammene for norsk kulturminnearbeid. I del 2 finn ein eit lokalhistorisk oversyn av ulike typar kulturminne og kulturmiljø for å visa den lokalhistoriske breidda. Del 3 er handlingsplanen for den komande planperioden.
I revideringa av kulturminneplanen er det etterlyst ein betre oversikt over kulturminna og kulturmiljø som må sikrast for ettertida. Det er difor lagt vekt på å jobba med kulturminneverdiar og prioritering av desse ut frå A-, B- og C-kategoriar. Dette vil gjera det lettare å sikra og forvalta lokale kulturminne og kulturmiljø. Kulturminneplanen skal vera eit verktøy både for private eigarar, kultur-, plan og byggesaksavdelinga.
Lokalsamfunna er gitt eit særs ansvar for å ta vare på lokale kulturminne og kulturmiljø. For å sikra vilkåra for eit godt privat kulturminnevern og ei god lokal offentleg forvaltning er vedlegget Føresegner og retningsliner for bevaring av kulturminne og kulturmiljø - Kategori A, B og C viktig for god felles praksis.
Blant fleire som gir tilskot til kulturminne, legg for eksempel Vestland fylke stor vekt på kommunane sine kulturminneplanar i tildelinga av tilskot til bevaring av kulturminne og kulturmiljø .
I samband med høyringa av denne reviderte kulturminneplanen må det understrekast og rettast ei stor takk til dei mange lokale entusiastane som gjer eit formidabelt arbeid med å ta vare på lokal byggeskikk, og anna innan den lokale kulturarven. Me håpar at den reviderte planen viser at dette er eit arbeid ein set stor pris på i kommunen vår. Med den reviderte planen meiner ein å legge til rette for god fagleg praksis og eit framtidsretta vertøy for «vern gjennom bruk».
God lesing av revidert kulturminneplan for Austevoll!
Me ser fram til innspel og kommentarar.
Her kan du sjå planen og kome med høyringsuttale