Austevoll kommune

Høyring - Tiltaksplan Habilitering og rehabilitering i Austevoll kommune 2019-2026

Habilitering og rehabilitering er eit viktig satsingsområde innan helse og omsorg og hovudtyngda av dette skal skje i kommunen.
Frist for uttale: 9. august 2019.

Klikk for stort bilete

16. juni 2018 vedtok kommunestyret Austevoll sin opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering. Opptrappingsplanen la føringar for utarbeiding av tiltaksplan.
 

Store endringar i befolkninga sine behov for helse- og omsorgstenestar møter oss allereie i dag og vil stadig auka tida framover. Befolkninga aukar og me blir fleire eldre. Fleire overlever alvorleg sjukdom og fleire får kroniske og livsstilsrelaterte sjukdommar. Denne planen er med på å bane veg for korleis me ynskjer å fremja gode habilitering og rehabiliteringstilbod til innbyggarane sitt beste i Austevoll kommune.

Austevoll kommune ynskjer å ha eit heilskapleg og kunnskapsbasert tilbod for alle med ynskje om eit helsefremjande samfunn. Nye virkemidlar og arbeidsmetodar må nyttast og me må organisera tenestane slik at ressursane effektivt når ut til brukarane.

I framlegg til "Tiltaksplan Habilitering og rehabilitering i Austevoll kommune 2019-2026" er det synleggjort ulike tiltak som skal gjere kommunen i stand til å ivareta tenesteområdet på ein berekraftig måte.

Tiltaksplan Habilitering og rehabilitering i Austevoll kommune 2019-2026 (PDF, 2 MB)

 
Fann du det du leita etter?