Austevoll kommune

Hufthamartunet - sesongopning 2022

No er det endeleg mogleg å besøka det fine lokale museumet vårt- Hufthamartunet. 

Museet er under restaurering og mykje arbeid står att. Me ynskjer likevel å invitera til besøk på tunet no i sommar. Inne- og utearealet kan nyttast om du får besøk og vil visa fram det kommunan har å by å. Kanskje du berre vil ha deg ein utflukt for å ta deg ein kopp kaffi og ein is. Då er Hufthamartunet staden!

I si tid var Hufthamartunet rekna som ein "storgard" i Austevoll. Museet er ei samling hus som viser korleis ein kystgard vart driven fram til 1960-talet her i Austevoll. Eldste bygget på tunet vart sett på 1600-talet som ei røkstove. Det er og flytta hus til garden som medgift. På garden har det budd mange folk med ulik kunnskap om fiske, gardsdrift, matstell og alt det eit hushald trong. Interiøret viser korleis hus var innreidd. Gjenstander viser kva ein hadde å hjelpa seg med i dei ulike arbeidsoperasjonane. 

Velkomen til kystbonden sin gard på Hufthamar!

Opningstider sommaren 2022 (Perioden 02. juli - 07. august)

Torsdag  kl. 11.00 - 17.00
Laurdag  kl. 11.00 - 17.00
Sundag   kl. 11.00 - 17.00

Sal av kaffi, brus og is

Vil du/de besøka museumstunet og ha omvisning utanom desse opningstidene frå august 2022? Då kan du kontakta Austevoll kommune/kulturminnerådgjevar på telefon 55 08 12 23